Aktivitetar framover

 

 

Sykkelcamp for jenter 8. - 9. oktober

Elisabet Engström syklar aktivt downhill, og hevdar seg på topp i Norden. Denne helga kjem ho til Hovden med eit opplegg for jenter. Ho deler erfaring og tips, og det blir fokus på det sosiale og å ha det gøy saman i sykkelløypa.

Me prøvar så langt det lar seg gjere å skaffe sykkel til dei som ikkje har sjølv. Eigenandel for kurset er kr 200,- for medlemer.

Påmelding snarast - maks 10 plassar.

Elisabeth sin sykkelblogg kan du lese her.

 

Surfetur til Jæren 21. - 23. oktober

Som tidlegare år planlegg me tur til Jæren for å bølgjesurfe. Me bur på Ogna Camping, og organiserer leige av utstyr og instruksjon for dei som ønskjer det.

Påmelding til post@turkompaniet.com innan 30. september. Forbehold om nok påmledte.

 

Det er fint om alle som har forslag til aktivitetar sjølv tar initiativ til gjennomføring, eller ber om hjelp.

Turkompaniet Hovden © 2008

www.turkompaniet.com