Velkomen til Turkompaniet Hovden

 

Turkompaniet er stifta for å skape ein samlingsplass for alle som bur eller er mykje på Hovden/ i Bykle, og som er interesserte i friluftsliv, ski, klatring, sykling, surfing, slakk line, turar og andre aktivitetar!

Av aktivitetar vi har arrangert kan vi nemne surfeturar til Jæren, toppturar og skiturar, longboardsamlingar, kitekurs, kurs i utforsykling, kurs i isklatring, fisketurar, filmkveldar, jibbekurs og mykje anna gøy!

 

Bli medlem

Alle er velkomne som medlemer i Turkompaniet. Vi har medlemer busett på/ i Hovden, Bykle, Kristiansand, Vinje, Arendal, Lillesand, Vennesla... I alder spenner medlemer frå born til 60 +.

 

Medlemskap kostar kr 250,- per år, eller kr 400,- for par/ familiar. For å bli medlem kan rett beløp betalast inn til konto 2801.18.83496. Merk innbetaling med "medlemskap" og namn.

 

Velkomen i gjengen!

 

 

 

 

 

Turkompaniet Hovden © 2008

www.turkompaniet.com